page view image

Amerikabreva

Ei sterk og levande forteljing om draum, sakn og mot: AMERIKABREVA tek utgangspunkt i verkelege liv, men vev saman fakta og fiksjon for å gi eit nært og heilskapleg bilete av den norske utvandringa. Gjennom historia til syskenparet på scena, og deira eigne slektsrøter, blir personlege skjebnar løfta fram i ei framsyning som balanserer mellom sanning og dikt.

Information
event image

AMERIKABREVA

Ei framsyning av Lene Therese Teigen
Med Oda Alisøy og Kjetil Alisøy Søvig


AMERIKABREVA tek til som eit foredrag om unge kvinner som utvandra frå Noreg til Amerika. Men når ein gammal Amerikakoffert brått dukkar opp, tek forteljinga ei ny vending. Eit funn av brev og minne opnar ei personleg historie der Oda sine eigne slektsrøter vev seg saman med skjebnene til dei mange kvinnene som kryssa havet – med mot, lengt og draumar om eit nytt liv.

Framsyninga byggjer på verkelege menneske og livshistorier, men nyttar òg diktning for å skape eit levande og heilskapleg bilete av utvandringa. Her møtest sanning og fiksjon i ei gripande forteljing om oppbrot, håp og identitet – som òg kastar lys over vår eiga tid, der menneske framleis er på vandring.

Gjennom historia til syskenparet på scena, og forteljingane om deira eigne slektningar, får vi eit nært møte med ei viktig del av norsk historie – og dei menneska som levde henne.


Kunstnarleg lag
Scenetekst, regi og visuell design: Lene Therese Teigen
Medskapande skodespelar og produsent: Oda Alisøy
Komponist/lyddesignar, arrangør, musikar og utøvar: Kjetil Alisøy Søvig
Produksjon: Aldeles Alisøy
Foto: David Zadig
Rekvisittør: Ada Hesjevoll
På telefon frå Chicago: Rene Fulton


AMERIKABREVA er produsert av Aldeles Alisøy i samarbeid med Teater Vestland, på oppdrag frå Vestland fylkeskommune i samband med Utvandrarjubileet 2025.

Framsyninga er støtta av Vestland fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, PreForm, Stiftelsen Fritt Ord og Fond for frilansere.


teater forestilling cornerteateret bergen kultur kunst opplevelse cornerbaren musikk amerikabreva lene therese teigen oda alisøy kjetil alisøy søvig

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert berre refunderte ved avlyst arrangement.