Jolekonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad

Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad inviterer til ein stemningsfull jolekonsert i intimt duoformat. Med perler frå salmeskatten, kjende og mindre kjende jolesongar, lun humor og speleglede tek dei oss med på ei musikalsk reise frå Elias Blix og Alf Prøysen til Tarjei Vesaas. Her blir det både høgtid, varme og ekte jolestemning!

page view image
Arrangementsdato

onsdag 2 des 2026 19:00

Slutter onsdag 2 des 2026 20:15
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

ticket item
ORDINÆR
Ordinær billett til full pris. Takk for at du kjem og støttar levande musikk! ✨
ticket item
MODERASJON
For deg som er pensjonist, ufør, student eller kunstnar med slunken lommebok. ⚡️
event image

Arrangementsinformasjon

Julekonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad


Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. Då byd Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på jolekonsert.

Konserten byd på jolestemning i duoformat. Det blir perler frå salmeskatten og nyare verdslege jolesongar som lokkar fram lukten av granbar og eimen av jolebakst.
Det blir høgtid og fest, frå Elias Blix til Alf Prøysen samt ein sving innom jol i Vinje ved Tarjei Vesaas.

I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Nokon har kalla konsertane deira for ei musikalsk lukkepille.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlyst arrangement.

Tags

teater
forestilling
cornerteateret
bergen
kultur
kunst
møhlenpris
aasmund nordstoga
konsert
musikk
jul
jol
åsmund reistad
jolekonsert
Organizer
Cornerteateret