Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
AMERIKABREVA tek til som eit foredrag om unge kvinner som utvandra frå Noreg til Amerika. Men når ein gammal Amerikakoffert brått dukkar opp, tek forteljinga ei ny vending. Eit funn av brev og minne opnar ei personleg historie der Oda sine eigne slektsrøter vev seg saman med skjebnene til dei mange kvinnene som kryssa havet – med mot, lengt og draumar om eit nytt liv.
Framsyninga byggjer på verkelege menneske og livshistorier, men nyttar òg diktning for å skape eit levande og heilskapleg bilete av utvandringa. Her møtest sanning og fiksjon i ei gripande forteljing om oppbrot, håp og identitet – som òg kastar lys over vår eiga tid, der menneske framleis er på vandring.
Gjennom historia til syskenparet på scena, og forteljingane om deira eigne slektningar, får vi eit nært møte med ei viktig del av norsk historie – og dei menneska som levde henne.
Kunstnarleg lag
Scenetekst, regi og visuell design: Lene Therese Teigen
Medskapande skodespelar og produsent: Oda Alisøy
Komponist/lyddesignar, arrangør, musikar og utøvar: Kjetil Alisøy Søvig
Produksjon: Aldeles Alisøy
Foto: David Zadig
Rekvisittør: Ada Hesjevoll
På telefon frå Chicago: Rene Fulton
AMERIKABREVA er produsert av Aldeles Alisøy i samarbeid med Teater Vestland, på oppdrag frå Vestland fylkeskommune i samband med Utvandrarjubileet 2025.
Framsyninga er støtta av Vestland fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, PreForm, Stiftelsen Fritt Ord og Fond for frilansere.