La det swing Oj Oj!

Arrangementsinformasjon
Default file 1493282530

Velkommen til Linda Eides forrykande verbale og musikalske oppvarming til den store internasjonale finalen i Melodi Grand Prix!   

Det er over 60 år sidan det starta og måtte det aldri slutta!  Eurovisjonens musikkonkurranse er fenomenet du ikkje treng å ta på alvor, men som blir tusen gonger meir  fascinerande når du gjer det.

Linda Eide (mykje snakk, samt litt blokkfløyte og saxofon) og Sigrid Moldestad (fele, song og snakk) tek oss med til melodiar og episodar som seier noko om vår re europeiske  kulturhistorie, politiske historie og språkhistorie. 

Velkomen til ein time med  faktamoro om ein musikkonkurranse som manglar både sidestykke og hemningar. Og som att på til kan seia oss noko om vår nære norske og europeiske historie

------

Linda Eide, journalist, forfattar og programleiar. Dukkar ned i historia og kjem som vanleg opp att med fascinerande fakta, som gjer at den verda du trudde du kjende, ser litt annleis ut når du går ut att.

 Sigrid Moldestad er ein mangfaldig musikar og scenekunstnar. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss og er kvalifisert som A-Klassing på vanleg fele. Modestadad var ikkje minst med i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix 2006!