Jolekonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad
Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad inviterer til ein stemningsfull jolekonsert i intimt duoformat. Med perler frå salmeskatten, kjende og mindre kjende jolesongar, lun humor og speleglede tek dei oss med på ei musikalsk reise frå Elias Blix og Alf Prøysen til Tarjei Vesaas. Her blir det både høgtid, varme og ekte jolestemning!
Julekonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad
Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. Då byd Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på jolekonsert.
Konserten byd på jolestemning i duoformat. Det blir perler frå salmeskatten og nyare verdslege jolesongar som lokkar fram lukten av granbar og eimen av jolebakst.
Det blir høgtid og fest, frå Elias Blix til Alf Prøysen samt ein sving innom jol i Vinje ved Tarjei Vesaas.
I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Nokon har kalla konsertane deira for ei musikalsk lukkepille.
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlyst arrangement.